BlueFjords datasenter er Norges einaste datasenter bygd med iFortress modulbasert datahall. Datasenteret er bygd med siste tilgjengelege teknologi for å optimalisere kostnadseffektive løysingar. Dobbel ( redundant ) straum vert levert heilt fram til PDU i rack for høgaste sikkerheit, effektivitet og fleksibilitet. Kjølingen er basert på det nyaste av luft til luft kjølarar. Dei er ekstremt effektive og bidreg til ein PuE ned mot 1.1 i datasenteret. Vår tekniske partnar og datasenter-entreprenør er Data Center Technology AS som har levert alle tekniske løysingar i datasenteret.
Kortreist straum
- Plassering av datasenteret nær vasskraftkjelda gjev reduserte straumkostnader fordi ein slepp å betale for transport i nettet.
- BlueFjords datasenter har 4 kraftverk i umiddelbar nærheit -alle med føringar inn til ein av Norges største krafthub’ar i Leirdøla, som ligg kun 400 meter fra BlueFjords datasenter. Vi har dermed kortreist, rimeleg og ikkje minst rikeleg med straum. Så grønn som det er mogeleg å få den. Vi har 2 uavhengige framføringar frå kraftstasjonen og i tillegg har vi ein kraftig fullautomatisert generator installert som reservekraft. Straumen vert levert via Eaton høgeffektive UPS’ar og batteribankar til datahallen. Alle ledd har full redundans.
Kald luft til kjøling
- Jostedalsbreen ligg i enden av Jostedalen og sikrar stabil og kjøleg luft som vert brukt for kjøling i datasenteret. Desse naturlege føremonene gjev rimelegare kjøling enn andre steder i Norge. Vi baserar oss på dei nye ekstremkjølarane fra britiske ExCool.
Redundant fiber
- Det ligg redundant fiber fram til BlueFjords datasenter med separate føringsvegar like til sentralnode i Oslo. Dei fleste nettaktørane er allerede på plass i regionen slik at du som kunde står relativt fritt til å velge din prefererte leverandør. Doble/krysskobla MMR ( Meet Me Room ) er tilgjengeleg for operatørane.
Datahallen
- Sjølve datahallen er bygd med iFortress rom i rom modul løysingar. Globale verksemder, myndigheiter, helse, millitæret og hemmelige tenester vel iFortress til å beskytte sine data. Strukturell og fysisk sikkerhet er ivareteke på ein optimal måte. Hallen er vasstett, gasstett, brannsikker, strålingsikker etc. for å sikre stabile og trygge driftsforhold. Dei fleksible modulane er installert og forberedt for framtidige utvidingar.
Sikkerheit
- I tillegg til den innebygde sikkerheiten i iFortress-hallen har datasenteret fysisk adgangskontroll og sikring i hele senteret med overvaking og etablert følgeteneste. Alle vitale rom er sikra med effektiv og skadedempande Nuvec-brannslokkesystem.